Fair play på sommarcup
Forfatter: Atle Haugen
10. juni 2022
Kvernbit deltar med 27 lag på Voss cup denne helga.
Kvernbit deltar med mange lag under Voss-Cup, Lerum Cup og Sør Cup i sommar. Kvernbit har stort fokus på fair play, og blei i fjor kåra til årets Fair play-klubb i Hordaland.
Vedlagt er derfor med Fair-play regler for spelarar, trenarar og foreldrevettreglar.
Les meir om fair play i Kvernbit.
Fair play er eit samleomgrep for fotballen sitt samfunns- og verdiarbeid. Kvernbit er ein stor samfunnsaktør for barn og unge i Alver kommune, og har difor eit viktig samfunnsansvar. Vi tar dette ansvaret på alvor, og ønsker å bygge gode haldningar og verdiar i tråd med verdigrunnlaget til norsk idrett, til alle medlemmane i klubben. Klubbens verdiar og fair play skal prege all aktivitet i klubben. Gjennom arbeidet med kvalitetsklubb har vi derfor hatt stort fokus på å utarbeide eit felles verdisett som heile klubben kan stille seg bak.
Med fair play-helsing
Odd Harald Dommersnes
Fair-play-ansvarleg, IL Kvernbit