Perfekt sesongavslutning
Forfatter: Bjarne Robberstad
04. oktober 2010
Hildegunn og Odd Sverre Hove var sammen med barnebarnet Johannes var tre av de 121 som var med på sesongavslutningen til orienteringen i Nordhordland forrige tirsdag.
04.10.10, Tormod Eitrheim Bergersen, 529 visninger
Av Bjarne Robberstad
I strålande haustvær var rekordmange deltakarar med på årets siste løp i Nordhordlandskarusellen. Heile 121 løparar i alle aldrar prøvde seg i dei tre løypene, som gjekk i området rundt Fossemyra på Frekhaug. Kvernbit O-gruppe var arrangør, og hadde laga raske løyper med enkelte tekniske utfordringar som satte løparane på prøve. Heimefavoritt og norgesmeister Truls Corneliussen var raskast av alle i den lengste løypa, medan Sverre Johansen avslutta ein god sesong med å ta sigeren i sin aldersklasse. Julie Daling hadde fortent større konkurranse, men som einaste kvinne i langløypa gjorde ho likevel eit svært godt løp.I mellomløypa utmerka Linda Klanderud og Ole Corneliussen seg, i hard konkurranse med heile 50 deltakarar. Linda hadde god konkurranse av Ida Ørvik og Kine Hauge, medan Gjermund Grønhaug og Knut Egil Dyngeland også hadde gode prestasjonar. Både mellom- og langløypa måtte forsere Mjåtveitelva på ei provisorisk taubru og fekk testa balansekunsten på vegen.Dei 54 deltakarane i kortløypa fekk prøve seg i skogsterrenget i Storeknappområdet. Den 1.2 km lange løypa gjekk langs sti og veg, men hadde eit fleire utfordrande bakkar undervegs. Her imponerte Kristian Skrede seg med ei svært god tid, mens mange andre tok det rolig og la mest vekt på å kose seg under vegs.