[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Stemningsrapport frå Dana cup

Forfatter: Atle Haugen

29. juli 2022

Fotball
News article image

Rundt 60 glade fotballspelarar og like mange foreldre og søsken har tatt turen til Danmark.

Foto: Vibecke Samuelsen.

Dana cup 2022 er i gang. Turneringa går av stabelen i Hjørring i Danmark. Kvernbit stiller sterkt med fire lag, to i G16-klassen, eitt J16 og eitt J17.

Under følger reisebrevet frå Kvernbit G16:

På dagtid er det fotball for alle penga og cup-livet leverer med gøye og spennande fotballkampar, positive og glade menneske frå heile verda og ikkje minst mykje lått og løye.

Custom image

Kvernbit G16 bur på camping i Løkken under turneringa. På kveldstid er det felles måltid og sosiale aktivitetar. Konkurranseinstinktet vaknar også hjå den eldre garde når det er dibb dabb og kubbstafett med tolv lag. Foto: Cecilie Dale Hella.

I G16-klassen er det om lag 100 deltakande lag frå ti forskjellige land. Våre to lag har vunne si pulje og har kvalifisert seg til A-sluttspelet. Begge laga har prestert godt, og gjekk vidare til 16-delsfinalar. Det blei siste stopp for det eine laget i kampen mot Sarpsborg 08, medan det andre laget gjekk vidare til 8-delsfinalen, der dei måtte sjå seg slått av Ranheim.

Også jentene har levert gode prestasjonar. J16-laget vart klar for kvartfinale, etter ein 2-0-siger over MFK Zalgiris frå Litauen i 8-delsfinalen. I kvartfinalen møtte Kvernbit-jentene Stenungsunds IF, som enda med 0-1-tap. J17 måtte gi tapt i 8-delsfinalen for Austrått IL.

Custom image

Laga følgjast tett av ein stor supportarskare. Mamma er sjølvsagt på plass. Foto: Vibecke Samuelsen.