[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Klart for turorientering

Forfatter: Atle Haugen

28. mars 2025

Orientering
News article image

Turar som passar for liten og stor, og barnevogn!

Foto: IL Kvernbit.

IL Kvernbit har i år igjen laga til turorientering på Frekhaug.

33 poster er sett ut i nærområdet rundt Frekhaug. Postane står fram til 1. november.

Barneløypa kan òg gjennomførast med barnevogn!

Kjøp kart på Esso Frekhaug eller Rema 1000 på Frekhaug. Kartet kostar kr 130, og kan betalast med VIPPS.

Les meir om turorientering.

Karta er også tilgjengeleg for kjøp hos Norges orienteringsforbund, https://www.turorientering.no, frå 1. april. eller ved å kontakte IL Kvernbit ved Truls Corneliussen, tlf. 90805010.

Alle deltakarar er med i trekninga om rause premiar.

Sjå kven som fekk premier etter fjorårets turorientering!


Turorientering går ut på å finne poster i terrenget ved hjelp av kart. Det som er fint med turorientering er at du sjølv kan:

- Velje når du vil gå
- Tempoet du vil gå i
- Utgangspunktet for turen
- Kor mange postar du vil ta kvar gang og i kva for rekkefølge du vil ta postene
- Om du vil gå ålene eller saman med andre

Turorientering passar for alle!

Turorientering gir deg evner i bruk av kart, naturopplevingar, trim og trening i naturen – når du vil og i ditt eiga tempo!

Vi ønsker alle ein god tur!

Helsing

IL Kvernbit Orientering


Om orienteringsgruppa

Orienteringsgruppa i IL Kvernbit blei starta i 1996 og har i dag ca. 70 medlemmar, med ei fin blanding av barn og vaksne. Sesongen varer frå april til ut september, med orienteringsløp i Nordhordland. Annankvar måndag er det løp og løyper for begynnarar og vidarekomne. I tillegg er tilbyr vi turorientering i perioden april-november. Det er mykje bra aktivitet i orienteringsgruppa. I fjor haust var det nye sprintkartet klar til bruk.

Les meir om aktiviteten i orienteringsgruppa, på www.kvernbit.no/orientering.

Ønsker du å bli medlem i orienteringsgruppa, meld deg inn her.

Kontaktperson

Truls Corneliussen

Tlf: 90805010