[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Temakveld: Verdien av god og relevant kunnskap i idrettsarbeidet

Forfatter: Atle Haugen

10. april 2022

Forside
News article image

Carl-Erik Torp fortel om hjartestansen, i Knarren 27. april.

Carl-Erik Torp er fotballekspert og tidlegare fotballspelar. Foto: Julia Marie Naglestad/NRK.

Breks Forlag Aktiv, i samarbeid med Idrettsrådet i Alver, AKS-77, IL Kvernbit og NBK, inviterer til temakveld om verdien av god og relevant kunnskap i idrettsarbeidet.

Temakvelden vil finne stad i Knarren på Knarvik vidaregåande skule onsdag 27. april mellom klokka 17:00 og 19:30.

Det blir føredrag ved

  • Eystein Enoksen, professor og forbundstrenar : Suksessfaktorar i treningsarbeidet med unge – trenaren si rolle for bredde og topp. «The pyramid of success», og
  • Carl-Erik Torp, fotballekspert og tidlegare fotballspelar: Korleis opplevde han å få plutseleg hjartestans?

Torp fekk hjartestans og fall om under ein kamp i eliteserien i 2011. Rask hjelp redda livet.

Ordstyrar er Kjetil Iden.

Etter føredraga vert det spørsmålsrunde.

Målgruppa for temakvelden er idrettsutøvarar frå 15 år, trenarar, tillitsvalde, kroppsøvingslærarar, foreldre/føresette og helsepersonell.

Custom image

Eystein Enoksen er professor i treningsvitskap ved Institutt for fysisk prestasjonsevne ved Noregs idrettshøgskole. Foto: privat.

Arrangementet er gratis for alle.

Velkommen til ein svært lærerik og nyttig kveld!