[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Trond Mohn sommarakademi første veka i sommarferien

Forfatter: Atle Haugen

19. april 2022

Fotball
News article image

27.-30. juni. Påmeldingsfrist 1. mai.

Foto: Martine Sagmyr Selle.

Publisert: 04.03.2022

IL Kvernbit fotball inviterer til Trond Mohn sommarakademi første veka i sommarferien, 27.–30. juni. Sommarakademiet er eit fotballakademi for gutar og jenter født mellom 2009 og 2015.

Trond Mohn sommarakademi er eit samarbeid mellom Kvernbit, Arna-Bjørnar og tretten andre fotballklubbar i Bergen og omland. Akademiet blir arrangert på Fossemyra.

Fire dagar med kvalitetstrening, komplett draktsett, sekk/pose, ball og lunsj i 4 dagar for berre kr. 300,–

Erik Mjelde og Martin Knutsen Dolvik (Arna-Bjørnar) står for det fotballfaglege innhaldet. Lokalt er det Andreas Hopland Larsen og Trond Egil Soltvedt som er ansvarleg for akademiet.

Fotballakademiet startar alle dagar kl. 10:00 og varer til 14:00.

Påmelding via Profixio: vel IL Kvernbit og meld deg på. Det er første mann til mølla. Det er ingen krav til klubbtilhøyrsle – alle kan melde seg på. Alle påmeldte vil få ettersendt betalingsinformasjon. NB! Faktura som blir automatisk sendt ut gjelder ikke. Betalingsinformasjon blir sendt ut på e-post eller sms.

Vi har også eit inkluderingsfond det er mogleg å søke støtte til aktivitet i idrettslaget. Les meir om inkluderingsfondet.

Vi ønsker å takke Trond Mohn for eit fantastisk flott bidrag, som gir barn og ungdom moglegheit til å oppleve eit fotballfellesskap der alle kan vere med. Det har ein verdi langt utover fotballbanens grenser.

For meir informasjon:

Arrangementets nettside: https://www.tmsommerakademi.no

Arrangementets e-post: [email protected]

Påmelding her: https://www.profixio.com/app/trond-mohn-sommerakademi-2022


PS: Tine Fotballskule vil bli arrangert i haustferien.