[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Rakk ikkje opp i kampen om styreplass

Forfatter: Atle Haugen

05. april 2023

Fotball
News article image

Lise Klaveness ikkje vald inn i UEFA-styret.

Det europeiske fotballforbundet, UEFA, heldt sin kongress (årsmøte) i Lisboa i dag onsdag. På agendaen stod val av nye medlemmar til UEFA-styret. Elleve kandidatar kjempa om sju plassar. Ein av desse var fotballpresident Lise Klaveness for Noreg.

Lise Klaveness fekk dei ikkje nødvendige 28 røystene, og blei dermed ikkje vald inn i UEFA-styret.

Det var knytt stor spenning til valet. UEFA-styret består av 20 medlemmar, inkludert éin kvoteplass for ei kvinne. Lise valde å ikkje ta opp kampen om denne plassen, og heller utfordre eit ordinært sete. Ho kunne med det blitt det første ordinære, kvinnelege styremedlemmet i UEFA.

På førehand levna Klaveness seg sjølv små sjansar. Tilbakemeldingane frå europeiske fotballeiarar etter den modige talen på FIFA-kongressen i Doha i fjor, har vore blanda. I forkant av valet anslo Lise til NRK at det var større sjanse for at ho ikkje blei vald, enn at ho blei det.

Lise hadde som vanleg rett i spådommane sine.

Likestilling og openheit

Ved lanseringa av kandidaturet hennar, appellerte Klaveness til grunnverdiane i norsk fotball og Kvernbit. Den etter kvart velkjente historia om jenta med den oransje ballen – om vegen frå Galtenesvegen og Fossemyra til Doha og Lisboa, var ein sentral del av valkampanjen hennar.

– Fotball skal vere for alle, men det må òg speglast i fotballens leiande organ. Kvinner er så til dei grader underrepresentert i UEFAs eksekutive komité. Å ikkje ha med seg kvinnelege perspektiv på øvste nivå svekkjer utviklinga av sporten vår, ikkje minst den delen av fotballen som har størst potensiale for vekst og som kan skape et fullverdig fotballtilbod for millionar av jenter, uttalte fotballpresidenten frå Fossemyra til fotball.no.

Fotballpresidenten har ved fleire høve fremja viktigheita av kvinnerepresentasjon:

– Kjønnsbalanse har ein eigenverdi. Vi treng fleire kvinner i norsk fotball, sa fotballpresident Lise Klaveness til fotball.no i samband med kvinnedagen 8. mars.

Les meir: Kvernbit satsar på kvinnene.

Vidare har fotballpresidenten løfta opp behovet for opne diskusjonar og klare standpunkt.

Sjølv om valet ikkje gjekk vegen denne gongen, er kampvilja fortsatt til stade.

– Dette er ikkje slutten, dette er starten. Vi kjører på vidare med uforminska styrke mot neste val i 2025, seier Klaveness til fotball.no etter at valresultatet blei kjend.

Kvernbit er stolte over innsatsen, og ønsker lykke til ved neste høve!