[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Vil du begynne med turn?

Forfatter: Anne Berit H. Larsen

18. august 2025

Turn
News article image

Påmelding åpner lørdag 23.08.2025 klokken 12:00

Foto: Ruben Soltvedt.

Endeleg er påmelding til haustens turntreningar klar. Lørdag kl. 12:00 er det førstemann til mølla. Venteliste blir oppretta automatisk når dei ledige plassane er fylt opp.

Meld deg på her.

Om turngruppa

Kvernbit tilbyr turn for ulike aldersgrupper.

Turn 7-12 år

Turn for gutar og jenter frå 2. til og med 4. klasse. Denne aldersgruppa er i ”den motoriske gullalder”, då barn tileignar seg ferdigheiter lettast. Barna har stor treningslyst og lærer lett det dei ser. Vi trener på tradisjonelle turn- og gymnastikkøvingar, som fiksering/stabilisering (spenne/stramme mage- og ryggmusklar), balanse og spenst. Det er også leikar og mykje moro. Vi ønsker å skape eit trygt, utfordrande og variert miljø, slik at barna får allsidig bevegelseserfaring.Vi har hausten 2025 berre eitt parti for denne aldersgruppa i Meland Aktiv. Om du vil vere med og starte eit nytt parti på Vestbygd, ta kontakt på [email protected].

Turn 10-12 år

Turn for gutar og jenter frå 5. klasse til 7. klasse. Vi jobbar vidare med Idrettens Grunnstige og SALTO. SALTO står for Sosialt, Allsidig, Lek, Turn og Oppvisning. Vi øver på grunnmoment og seriar på Tumbling/Air-Track og vi vil bruke trampetten.

Turn 13-18 år

Turn for gutar og jenter frå 8. klasse (12-13 år) og opptil 18 år. Vi jobbar vidare med Idrettens Grunnstige og SALTO. Vi øver på grunnmoment og seriar på Tumbling/Air-Track og vi vil bruke trampetten.

Treningstider

  • 6-9 år: torsdagar kl. 18.00 til 19.00 i Meland Aktiv, Storhallen.
  • 10-12 år: torsdagar kl. 1800 til 1930 i Meland Aktiv, Storhallen.
  • 13-18 år: torsdagar 1930-2100 i Basishallen i Alverhallen.

Treningar og arbeidet i turngruppa for å skape dette tilbodet for barn, gjerast på frivillig basis. Vi har behov for fleire trenere og fleire i turnstyret. Barn av foreldre som stiller til verv som trenere og i turnstyret vil derfor bli prioritert ved påmelding. Ta kontakt på [email protected] om dette er av interesse.