Vil du begynne med fotball?
Forfatter: Atle Haugen
18. august 2025

Informasjonsmøte for førsteklasseforeldre onsdag 3. september 2025.
Foto: Ruben Soltvedt.
IL Kvernbit ønsker alle som skal begynne i førsteklasse velkommen til fotballtrening hos oss.
Vi startar med eit informasjonsmøte for foreldre onsdag 3. september kl. 17.30 i kultursalen i Meland Aktiv.
Det er viktig at alle som har barn som ønsker å vere med, stiller på dette møtet. Her får de informasjon om treningsforhold, treningstider og kva tilbodet inneber for førsteklassingane.
Velkommen!
Her kan du melde inn ditt barn:
Aktiviteten i Kvernbit er dugnadsbasert. Ønsker du å bidra i støtteapparatet, ta kontakt allereie i dag på [email protected]! Vi treng trenarar, lagleiarar og foreldrekontaktar. Vi oppmodar både kvinner og menn, spesielt kvinner, frå Grasdal og Sagstad skulekrinsar til å melde seg som trenar. Kvernbit ønsker å bygge opp eit sterkt miljø for kvinnelege trenarar.
For å bli trenar i Kvernbit treng du ingen forkunnskapar. Du vil få god kursing og rettleiing, og mykje god kvalitetstid.
Som trenar i Kvernbit får du:
- rettleiing og tett oppfølging frå erfarne trenarrettleiarar
- ta del i eit godt og robust trenarapparat
- tilbod om trenarkurs i takt med utviklinga til spelarane
- eigne trenarforum for kvinner
Som ein del av fotballfamilien blir du i tillegg ein del av eit sterkt fellesskap. Du utvider det sosiale nettverket ditt og får ny kompetanse og kunnskap. Bli med på laget, du òg!