[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Nye treningstider etter nyttår

Forfatter: Atle Haugen

06. januar 2024

Fotball
News article image

Gjeld frå måndag 8. januar.

Foto: Ruben Soltvedt.

Etter nyttår blir det nokre endringar i treningstidene.

Her finn du oppdaterte treningstider.

Dei nye treningstidene gjeld frå måndag 8. januar 2023.

Ta godt vare på banane, og ver venleg å rydd etter kvar trening. Set mål på plass og samle inn ballar og anna utstyr, og plasser der dette høyrer til. Spesielt viktig er dette no på vinteren. Flytt alle mål ut av banen etter kvar trening, så er det mykje mindre arbeid å brøyte banen når snøen kjem. Tusen takk!

Offisielle kampar blir alltid prioritert føre treningar. Treningskampar må avtalast i eigen treningstid dersom laget disponerer stor nok bane til å gjennomføre kampen. For dei som treng større bane enn dei har tilgjengeleg i treningstida, må treningskampar gjennomførast i helg. Då er det normalt god kapasitet på anlegget.

Det er viktig at alle kampar og bruk av banen avtalast med Trond Egil, på e-post: [email protected].

Custom image

Det er fysisk krevjande å flytte på mål som står fast under snøen. Om alle flyttar måla ut av banen etter kvar trening, går brøytinga mykje fortare. Takk for hjelpa! Foto: Atle Haugen.


Støtt Kvernbit gjennom Grasrotandelen