[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

NM-sølv til David

Forfatter: Atle Haugen

01. oktober 2021

Volleyball
Sandvolleyball
News article image

Tok steget nest øvst på pallen etter høgdramatisk finale i U15-NM.

Sandvolleyparet David og Mathias frå høvesvis Kvernbit og Sandnes, krona ein god sandvolleyballsommar for Noreg og Vestland med NM-sølv i U15-klassen.

Kvernbit gratulerer!

Det var på sjølvaste 14-årsdagen at David Stenberg frå Kvernbit volleyball debuterte på sandvolleyballbanene i sitt aller første NM, denne sommaren. To dagar etterpå blei han ropt inn på banen saman med makkar, Mathias frå Sandnes, til NM-finalen.

Finalen baud på spenning alt frå første serve. I styrtregn slo vårt par godt frå seg med siger i første sett. Likevel måtte dei til slutt sjå seg slått av to veldig erfarne gutar i dei to påfølgande setta.