[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Oppdatering korona

Forfatter: Atle Haugen

27. april 2020

Fotball
Korona
News article image

All aktivitet i Kvernbit er stengd inntil vidare.

TIL ALLE TRENARAR, LAGLEIARAR OG ANDRE TILLITSVALDE I FOTBALLGRUPPA I KVERNBIT


Hei, alle saman,


Eg har mottatt nokre spørsmål rundt opning av aktiviteten i Kvernbit igjen. Dei som har spurt har fått svar frå klubben, men eg registrerer at debatten går vidare på Facebook.


Aller først: All aktivitet i Kvernbit, både fotballgruppa så vel som alle andre undergrupper i idrettslaget, er stengd inntil vidare.


Det trur eg dei fleste har fått med seg. Men ikkje alle har vist like stor forståing for grunngjevinga.


Vi har alle eit ansvar for å halde smittespreiinga i samfunnet nede. Nasjonale styresmakter har mana til dugnad. I Kvernbit er vi ganske gode på dugnad, og dette er vår del av denne dugnaden.


Isolert sett, så kan det hende at det å opne for fotballtrening på Fossemyra ikkje skapar den store risikoen for smittespreiing. Det er eg ingen ekspert på, og eg skal heller ikkje forsøke meg på å vere det. Men det kan vere andre omsyn som likevel talar for at vi likevel ikkje bør opne. Vi må rette perspektivet litt utover oss sjølve. Vi i Kvernbit har ikkje den totale oversikta, men om nokon, så må det vere nasjonale styresmakter med regjeringa i spissen, som har nettopp den. Dei vurderer det førebels dithen at det for samfunnets skuld ikkje er forsvarleg å halde skulane opne. Då får ein tru at omsyn til elevane sitt tap av skulegang, og ulempene det medfører, er tatt med i vurderingane. Når regjeringa no har opna opp for barnehagar og barnetrinnet (1. – 4. klasse), så er det fordi tapet av skulegang for desse gruppene overgår risikoen for, og kostnaden av, smittespreiing. Men førebels er altså vurderinga at mellomtrinnet, ungdomstrinnet, vidaregåande skular, folkehøgskular, høgskular og universitet, alle fortsatt skal vere stengde.


I ein slik situasjon vil det etter mi klare oppfatning ikkje vere rett å late barn og ungdom som ikkje får gjere sin plikt og rett til å gå på skulen, på dagtid, likevel få møtast på Fossemyra til Kvernbit-trening på kveldstid.


Kvernbit er det største idrettslaget i kommunen vår, og fotballgruppa vår samlar om lag 700 medlemmar i alle aldrar. Det gir oss eit stort samfunnsansvar. Til vanleg tar vi dette ansvaret ved å samle barn og ungdom til aktivitet på Fossemyra, men i ei tid der styresmaktene ber innbyggarane om å halde avstand og redusere fysiske møte, er det vårt samfunnsansvar å bygge oppunder det. Då er det ikkje rett å opne for treningar.


Fysisk aktivitet er berre positivt i denne situasjonen. Mange har tatt naturen i bruk, og rundt påsketider fekk vi fotballens koronavettreglar som gjer det muleg å ta i bruk fotballbanane. Det er bra. Men det betyr ikkje dermed at vi skal opne opp for treningar i klubbregi heilt enno. Ulike klubbar har gjort ulike vurderingar rundt det spørsmålet. Her lokalt har NBK opna opp for treningar for ungdomslaga, medan Kvernbit og Nordre Holsnøy har valt å ikkje opne opp. Vi har god kommunikasjon med både naboklubbar og andre klubbar, krins og forbund, kommune og skulen, og eg har sjølv observert ei av treningane hos NBK. Vi tar med oss alle innspel og erfaringar frå desse.


Situasjonen vi står i er svært uheldig på mange område. Ikkje minst sosialt. Fleire har løfta ei uro knytt til fråfall, og sannsynet for fråfall aukar for kvar dag vi ikkje har trening. Dei er ei bekymring eg deler, og er dessutan den viktigaste grunnen til at eg har vald å engasjere meg i idretten. Men denne bekymringa er ikkje desto mindre i skulen, og det er openbert at det er mange barn som tar skade av dei restriksjonane som er iverksette der. Men regjeringa har førebels sett at å få kontroll og begrense smitte i samfunnet er viktigare. Og det synast ikkje eg vi skal heve oss over.


Og derfor så vil eg mane alle til å vere med på å redusere smittespreiinga i samfunnet, slik at skulane kan opne att. Det må vere førsteprioritet. Dernest, vil vi kunne opne opp for treningar.


Økonomisk ser det ut til at fotballgruppa i Kvernbit vil tape mellom 300 og 600 000 kroner (eit kjapt overslag basert på tap i samband med fotballskulen, Kvernbit cup, fotballen sin del av kiosken i Meland Aktiv og treningsavgift). Forhåpentlegvis vil vi kunne få kompensert deler av denne summen, men ikkje slik kompensasjonsordningane er innordna per i dag. Vi er heldige som har Trond Mohn med på laget, slik at det ikkje har vore snakk om permitteringar for dei tilsette i klubben. Det er likevel ingen tvil om at dette vil ha store konsekvensar. Dess fortare vi kjem i gang igjen, dess mindre vil konsekvensane bli.


Nettopp difor er det så viktig at vi alle er med på å redusere smittespreiinga i samfunnet.


Eg håper dette var litt meir avklarande. Vi må nok bu oss på endå meir tolmod, og vi håper vi er tilbake så snart som råd er. No skal klubben arbeide vidare med plan for oppstart, slik at vi er klare til å opne opp med ein gong, den dagen vi ser og meiner det er forsvarleg å opne opp att.


PS: Regjeringa vedtok i helga å utvide forbodet mot arrangement over 500 deltakarar, inntil 1. september. Det betyr at alle sommarturneringane, TINE fotballskule og Kvernbit cup, blir avlyste. Det er enno ikkje avklart kva som vil skje med arrangement under 500, slik at vi ikkje veit meir angåande ei eventuell oppstart av seriespelet.



Venleg helsing

Atle Haugen

Leiar, Kvernbit Fotball