Forlenger sponsoravtale med Rema 1000 Frekhaug
Forfatter: Atle Haugen
26. februar 2026
Kjøpmann Aleksander Vågenes og dagleg leiar i IL Kvernbit, Trond Egil Soltvedt, har signert ein ny sponsoravtale.
Dermed held Rema 1000 Frekhaug og Kvernbit fram eit samarbeid som starta for 35 år sidan, då Bjørn Johnny opna butikken tilbake i 1990.
Den nye avtala strekkjer seg ut 2029.
No er det sonen, Aleksander, som har tatt over som kjøpmann etter sin far. Aleksander har tette band til idrettslaget, med ei stor fortid i Kvernbit frå ungdoms- og junioralder - og returnerte i vaksen alder til Kvernbit sitt andre- og tredjelag.
I arkivet kan vi finne fleire spor av eit godt samarbeid. I eit intervju med medlemsbladet Kvernbiten i 2003, fortalte Bjørn Johnny kvifor han ønsker å støtte idrettslaget.
- Vi har alle eit ønske om å bidra til et betre lokalmiljø.
Sponsor med mange ballar i lufta. Foto: Faksimile frå Kvernbiten nr. 4-1998.
Vidare uttrykte han stor respekt for dei frivillige.
- Når eg ser på alt dugnadsinnsatsen som gjøres er eg imponert. Eg har også inntrykk av at støtta som gies brukast på en fornutig måte - og det er en forutsetnad for den vidare støtta, sa Bjørn Johnny til Kvernbiten den gong.
At støtta har halde fram i over tjue år sidan denne kommentaren, og no er forlenga, tyder på at dei lokale kjøpmennene fortsatt meiner dugnadsånda lever.
Foto: Faksimile frå Kvernbiten i 2003.
Trufast sponsor
Rema 1000 har vore ein viktig bidragsytar til utviklinga i idrettslaget gjennom dei siste tre, snart fire tiåra. Kvernbit har vakse stort med tilflytting og opptak av nye idrettar i laget, og tel i dag 1800 medlemmar fordelt på sju ulike særidrettar (fotball, volleyball, turn, taekwondo, orientering, padling og roing).
Trufast sponsor: Rema 1000 har vore hovudsponsor for Kvernbit i meir enn 30 år. I 1997 hadde Kvernbit 11 fotballlag påmeldt i seriespelet. I dag har vi meir enn 50 lag, i tillegg til ei rekkje andre idrettar å by på. Foto: Faksimile frå Kvernbiten nr 1-1997.