Medlemsskap
Velkommen til serieturneringar
Forfatter: Atle Haugen
29. mars 2022
Fotball
Kvernbit inviterer 7- og 9-årslag i Nordhordland til 3v3- og 5v5-ligaen søndag.
Søndag 5. april har Kvernbit fått i oppdrag å arrangere turnering for J/G7 år og J/G9 år.
Seriespelet for 7-9 år organiserast som serieturneringar, der kvart lag spelar tre kampar kvar.
Det offisielle namnet for seriespelet i NFF Hordaland er 3v3- og 5v5-ligaen.
Det blir full rulle frå klokka 10 til 15 for dei fire ulike turneringane.
Sjuårsklassane speler trearfotball inne på kunstgras i fotballhallen. Niårsklassane speler femmarfotball utandørs på kunstgras.
Det vil vere open kiosk i Meland Aktiv.
Ta godt vare på dei ferske klubbdommarane våre!
Kampoppsettet er å finne i vedlegget til denne artikkelen.