[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Vil du begynne med fotball?

Forfatter: Atle Haugen

09. august 2026

Fotball
News article image

Informasjonsmøte for førsteklasseforeldre onsdag 2. september 2026 kl. 18:30  (OBS! NYTT TIDSPUNKT på grunn av kollisjon med handball).

Foto: Ruben Soltvedt.

IL Kvernbit ønsker alle som skal begynne i førsteklasse velkommen til fotballtrening hos oss.

Vi startar med eit informasjonsmøte for foreldre onsdag 2. september kl. 18.30 i kultursalen i Meland Aktiv. (OBS! NYTT TIDSPUNKT på grunn av kollisjon med handball).

Vi kjem tilbake med endeleg treningsdag, men vi prøver å legge til rette for å unngå kollisjon med handballen i Nordre Holsnøy.

Det er viktig at alle som har barn som ønsker å vere med, stiller på dette møtet. Her får de informasjon om treningsforhold, treningstider og kva tilbodet inneber for førsteklassingane.

Velkommen!

Bli grasrottrenar!

Aktiviteten i Kvernbit er dugnadsbasert. Ønsker du å bidra i støtteapparatet, ta kontakt allereie i dag på [email protected]! Vi treng trenarar, lagleiarar og foreldrekontaktar. Vi oppmodar både kvinner og menn, spesielt kvinner, frå Grasdal og Sagstad skulekrinsar til å melde seg som trenar. Kvernbit ønsker å bygge opp eit sterkt miljø for kvinnelege trenarar.

For å bli trenar i Kvernbit treng du ingen forkunnskapar. Du vil få god kursing og rettleiing, og mykje god kvalitetstid.

Som trenar i Kvernbit får du:

  • rettleiing og tett oppfølging frå erfarne trenarrettleiarar
  • ta del i eit godt og robust trenarapparat
  • tilbod om trenarkurs i takt med utviklinga til spelarane
  • eigne trenarforum for kvinner

Som ein del av fotballfamilien blir du i tillegg ein del av eit sterkt fellesskap. Du utvider det sosiale nettverket ditt og får ny kompetanse og kunnskap. Bli med på laget, du òg!