[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Folkefest på Fossemyra

Forfatter: Atle Haugen

05. april 2025

Fotball
A-herrar
News article image

Tusen takk til alle som stilte på kamp!

YRANDE FOLKELIV: Det var tett om plassen på Fossemyra denne magiske kvelden. Foto: Rune Eknes/Ruben Soltvedt.

Fredag kveld møttest Kvernbit og NBK i den første seriekampen i 4. divisjon.

Det var i forkant av kampen mobilisert frå begge klubbar. NBK sendte to bussar med publikum, og mange kom med bil, sykkel eller til fots. Og med vårsol i bakkane og sydlege temperaturar, var det ein fin kveld for fotball.

Det offisielle publikumstalet var 853. Det reelle talet var langt høgare.

NBK vann kampen på banen. Kvernbit vann kampen utanfor banen.

Kampfakta.

Sjå full biletserie frå lokalavisene, Avisa Nordhordland og Strilen.


Custom image

INNMARSJ: Kaptein, Andreas Hopland Larsen, måtte brøyte seg gjennom folkemassene. Foto: Rune Eknes/Ruben Soltvedt.

Custom image

KVERNBIT ULTRAS: Elevar frå Nordhordland folkehøgskule har danna supportergrupperinga Kvernbit Ultras. Dei stod for stor stemning gjennom heile kampen. Foto: Atle Haugen.

Custom image

HØGLYTTE: Kvernbit Ultras hadde med plakatar og megafon. Foto: Rune Eknes/Ruben Soltvedt.

Custom image

SUPPORTERTOG: Kvernbit Ultras gjekk i samla tropp frå Frekhaug senter til Fossemyra. Foto: Atle Haugen.

Custom image

KAN DU TELJE TIL TUSEN? Det offisielle tilskodartalet var 853. Men besøket var større enn som så. Kor mange finn du på dette biletet? Foto: Rune Eknes/Ruben Soltvedt.

Custom image

ARRANGEMENTSSJEF: Kenneth Strand stod i spissen for publikumsarrangementet. Foto: Rune Eknes/Ruben Soltvedt.