Fotballtreningane opnar opp igjen
Forfatter: Atle Haugen
09. mai 2020
Fotballgruppa i IL Kvernbit er glad for å kunne opne igjen for fotballtreningar på Fossemyra, frå og med måndag. Til grunn ligg fotballens koronavettreglar, og vi tar ulike smitteverntiltak på anlegget og under aktiviteten.
Foto: Ruben Soltvedt.
Sist oppdatert: 19.05.2020. DENNE SAKA ER BLITT OPPDATERT! LES OPPDATERTE KORONAVETTREGLAR OG RETNINGSLINER HER.
Vi understrekar at all aktivitet er frivillig. Det gjeld både trenarar, spelarar og foreldre og føresette.
For å delta på trening må du vere heilt frisk, utan symptom på luftvegsinfeksjon. Du skal ha treningstøy frå halsen og ned. Dette inneber ikkje kortbukse eller korte ermer. Alt treningstøy må vere vaska mellom øktene.
Du får meir informasjon frå laget ditt om oppmøtestad og tid for trening. Treningstidene er tilgjengeleg her.
Vi oppmodar til ein smittetrygg transport til og frå trening. Unngå samkjøring – bruk gjerne sykkel! Hugs då på eigne avstandsreglar for sykkel (ikkje sykle i grupper) og gange (minimum éin meter mellom kvar person).
Garderobar vil vere stengte. Alle må difor vere ferdig skifta ved oppmøte. Vi bed om at alle spelarar tar med seg kvar si flaske med såpevatn til vask av hender. I tillegg vil det vere antibac tilgjengeleg.
Vi ønsker færrast
muleg folk på anlegget under trening. Spesielt gjeld dette innandørs. Derfor
bed vi om at det er berre trenarar og lagleiarar som er til stade under
treningane.