Sterke prestasjonar i førjulscup
Forfatter: Atle Haugen
13. desember 2022
Kvernbit G2008 og J2009 til topps i Nordhordlandshallen.
Supernøgde vinnarar av G14-finalen. Kvernbit 4 blei hylla av resten av Kvernbit-spelarane. Foto: Ove Henriksen.
Lørdag 9. desember arrangerte NBK førjulscup i Nordhordlandshallen. Kvernbit var godt representert, med fire lag i G14-klassen (f.2008), eitt lag i G15-klassen (f. 2007) og to lag i J13-klassen (f. 2009). Det enda med to av tre moglege klassesigrar.
Trenar for G2008-laga våre, Ove Henriksen, skildrar turneringa som svært intens, med første kamp kl. 08.20 og finale kl. 14, og fire lag påmeldt.
Etter dei første tre innleiande kampane for kvart lag, gjekk tre av våre lag vidare til sluttspelet og åttedelsfinale. Her måtte Kvernbit 3 gi tapt for Eikanger, medan Kvernbit 2 måtte gi tapt i kvartfinalen.
Dermed var det Kvernbit 4 som måtte forsvare Kvernbit-trøyene denne lørdagen i Nordhordlandshallen. Etter ein åttemålssiger i kvartfinalen mot arrangørklubben, møtte Kvernbit langt jamnare motstand i semifinalen mot Olsvik/Kjøkkelvik. Denne kampen enda 2-1 til Kvernbit, som dermed var klar for finale.
Der møtte Kvernbit endå eit NBK-lag. Nok ein gong var det Kvernbit som gjekk sigrande ut. Finalen enda 7-1 i favør Kvernbit.
Kvernbit 4 (G2008) i aksjon i finalen. Foto: Ove Henriksen.
Fleire Kvernbit-lag i aksjon
Også i J13-klassen (f. 2009) vart det spennande for Kvernbit-auge. Etter eit godt innleiande spel, møtte dei to Kvernbit-laga kvarandre i semifinalen. Der var det Kvernbit 1 som vann 3-0 over Kvernbit 2. I finalen møtte Kvernbit Bergen/Nord. Kampen enda 2-1, og Kvernbit vann dermed også J13-klassen.
Kvernbit sitt G15-lag (f.2007) kvalifiserte seg for kvarfinale mot NBK. Etter 1-1 i ordinær speletid, måtte laga ut i straffekonkurranse. Der måtte Kvernbit til slutt gi tapt med eitt mål mindre enn NBK.
Kvernbit hadde også eitt lag påmeldt i G19-klassen, men her var det for få påmeldte lag til at turneringa vart gjennomført.
Les òg omtala til Strilen (ekstern lenke).