Første fotballtrening for 2020-kullet
Forfatter: Atle Haugen
07. september 2026
IL Kvernbit inviterer alle førsteklassingar til første fotballtrening tysdag 8. september kl. 17:00. Vi inviterer også spesielt mødrer til å stille som trenar.
Foto: Ruben Soltvedt.
Ta med
- Drikkeflaske
- Leggskinn
- Fotballsko
Det er svært viktig at alle som deltar på trening er registrert hos oss, for at forsikring skal gjelde.
Du kan melde inn barnet allereie i dag:
Det er gratis å prøve seg på dei første treningane. Redusert medlemskontingen på kr 100,- blir fakturerrt i løpet av hausten. Medlemskontingenten dekker forsikring, ballar, drakter, seriepåmelding og anna utstyr.
Informasjon frå foreldremøtet førre veke er vedlagt i botn av denne artikkelen.
Velkommen på trening!
Bli grasrottrenar!
Aktiviteten i Kvernbit er dugnadsbasert. Ønsker du å bidra i støtteapparatet, ta kontakt allereie i dag på [email protected]! Vi treng trenarar, lagleiarar og foreldrekontaktar. Vi oppmodar både kvinner og menn, spesielt kvinner, frå Grasdal og Sagstad skulekrinsar til å melde seg som trenar. Kvernbit ønsker å bygge opp eit sterkt miljø for kvinnelege trenarar.
For å bli trenar i Kvernbit treng du ingen forkunnskapar. Du vil få god kursing og rettleiing, og mykje god kvalitetstid.
Som trenar i Kvernbit får du:
- rettleiing og tett oppfølging frå erfarne trenarrettleiarar
- ta del i eit godt og robust trenarapparat
- tilbod om trenarkurs i takt med utviklinga til spelarane
- eigne trenarforum for kvinner
Som ein del av fotballfamilien blir du i tillegg ein del av eit sterkt fellesskap. Du utvider det sosiale nettverket ditt og får ny kompetanse og kunnskap. Bli med på laget, du òg!
Foto: Ruben Soltvedt.