[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Jentefotballdag i Arna og nytt samarbeid med Arna-Bjørnar

Forfatter: Atle Haugen

22. september 2018

Fotball
#KvernbitJenter
News article image

Laurdag 15. september deltok jenter frå Kvernbit og Arna-Bjørnar i alderen 10-15 år på ein felles jentefotballdag på Garnes.

Dagen starta med ei fotballøkt med høgt fokus på talet ballberøringar.

Etter økta, tok jentene turen til Arna idrettspark der Arna-Bjørnar tok imot Stabæk til toppseriekamp, som til slutt enda med siger 6-2 til Arna-Bjørnar, som dermed innehar bronseplassen i Toppserien like føre Sandviken – på målskilnad (laga møtest i ettermiddag til lokalderby på Stemmemyren, kl. 15.00, ein time før a-laget tar imot serieleiar Smørås på Fossemyra).

I førekant av kampen vart det halde trenarforum, der våre trenarar fekk lære meir om treningsopplegget til Arna-Bjørnar. I tillegg tok Morten Røssland, hovudtrenar for Arna-Bjørnar, turen innom og fortalte og delte tankar om kampplanen.

Formelt samarbeid

Jentefotballdagen og trenarforumet er eit resultat av eit nytt, formelt samarbeid mellom Kvernbit og toppserieklubben Arna-Bjørnar.

Samarbeidet går ut på å utveksle kompetanse og ressursar, og skal vere med og styrke jentefotballen i Meland. Samarbeidet inneheld både breiddeutviklingstiltak og talentutviklingstilak, og vi vil gjennomføre fleire ulike spelartiltak, trenartiltak og kamparrangement, både i Arna og Fossemyra, i tida framover. Dette er ei unik moglegheit til å samarbeide med ein av dei fremste toppklubbane i Noreg. Vi håper dette vil bidra til å vidareutvikle jentefotballkulturen, trenarkompetanse og spelarutvikling i Kvernbit, og er eit ledd i å halde på flest mogleg jenter i klubben, lengst mogleg og best mogleg.

Les meir om samarbeidet her.

Samarbeidet med Arna-Bjørnar inngår i jentesatsinga som fotballgruppa har hatt sidan 2017. Les meir om prosjektet her

Kontaktpersonar i Kvernbit for samarbeidet med Arna-Bjørnar er Ida Hartveit ([email protected]) og Ove Henriksen ([email protected]).