Ordførerhilsen til deltagerne i Kvernbit Cup
Forfatter: Tormod Eitrheim Bergersen
23. august 2012
Les Meland-ordfører Nils Marton Aadland sin hilsen til deltagerne i Kvernbit Cup.
23.08.12, Tormod Eitrheim Bergersen, 691 visninger
Velkommen til Meland
Velkommen til Meland kommune og til Kvernbit Cup 2012. Det er svært gledeleg å sjå at dette arrangementet samlar mange deltakarar. Nesten 200 lag for aldersgruppa 7 til 12 år er påmelde til årets cup. Den store oppslutninga er det beste provet på at turneringa er svært populær og høgt verdsett. Eg håpar at denne helga vil gi deg gode opplevingar, både sportsleg og sosialt.
Det skal eit omfattande apparat til for å gjennomføra store arrangement som Kvernbit Cup.Eg vil spesielt takka dei mange friviljuge som også i år legg ned eit stort og imponerande dugnadsarbeid. Utan desse eldsjelene ville det ikkje vore mogleg å arrangera denne cupen.
Ein annan føresetnad for å kunna arrangera ei så stor turnering er at vi har baneanlegg som dekkjer krava til kvalitet og kapasitet. Fossemyra Idrettspark, med sitt fotballanlegg og kultur/idrettshall, står fram som eit av dei flottaste idrettsanlegga i Hordaland. Vi er svært glade for dei mange og store gåvene frå Trond Mohn, som har gjort det mogleg å etablera dette imponerande anlegget.
Velkommen til gode opplevingar i Meland, og lukke til med Kvernbit Cup 2012.
Med venleg helsing
Nils Marton AadlandOrdførar