K2 rykkar opp!
Forfatter: Atle Haugen
24. november 2022
Kvernbit sitt b-lag - eller berre K2 - er klar for nye utfordringar i 6. divisjon. Vi gratulerer!
Foto: Håvard Brakstad Moen.
Kvernbit enda som nummer to i årets 7. divisjon avdeling 3, tre poeng bak Minde 2. Dei skulle då ut i ei kvalifiseringsrunde for opprykk, men etter at ei protest i ein annan divisjon trekte ut i tid, vedtok NFF Hordaland måndag å avlyse heile kvalifiseringa. Alle andreplassane i dei fem sjuandedivisjonsavdelingane rykkar opp. Kvernbit 2 er med det klar for 6. divisjon i 2023.
Hovudtrenar – manager og primus motor – Håvard Brakstad Moen er i ekstase over nyheita. Etter nokre nervepirrande veker i spenning, kan han endeleg sleppe jubelen laus.
—Det har vore mykje jubalong og glede dei siste dagane! utbryt han når kvernbit.no tar kontakt.
- Les også Strilen si omtale av nyheita.
Brakstad Moen starta laget tilbake i 2017 med eit mål om å ha det kjekt på fotballtrening. Sidan den spede starten i 2017, har dei sportslege resultata gått éin veg. I 2021, i comebacket etter pandemien, enda K2 på bronseplass. Det heldt ikkje til opprykk – nokon vil seie dei slapp med skrekken, men denne gongen var det annleis.
- Les heile historia om korleis K2 blei til (sak frå kvernbit.no-arkivet).
Etter ein god vårsesong, blei spelargruppa nemleg einige om å prøve på å rykke opp. Med mange flinke fotballspelarar som nyleg har trappa ned og held forma fint ved like, har Håvard stor tru på neste års utfordringar. Han er ikkje redd for at nivåforskjellen på divisjonane er alt for store.
—Me trur 6. divisjon vert litt røffare. Men me har vist at me kan slå gode lag når me mobiliserer, forklarar han.
Det sosiale er fortsatt viktig
Fotballprosjektet K2 har vore tufta på kameratskap og gode fotballopplevingar. Målet er å ha det kjekt og helst litt utfordrande på trening. Under kampar skal speletida fordelast rimeleg likt på alle. Dét skal ikkje forandre seg i 6. divisjon.
—Samstundes som me har fått gode resultat i år, har me klart i stor grad å balansere at alle som er med på kamp skal få spele mykje. Trass alt er det sosiale på trening og kamp det viktigaste, insisterer han.
Manageren klarar likevel ikkje heilt å legge skjul på at vinnarviljen er til stade.
—Når dommaren blæs i fløyta, er det vel så viktig å vinna!
Til slutt rettar Håvard ein stor takk til den store supporterskaren i sosiale medium.
—Det har vore til stor inspirasjon med tomlar opp og gratulasjonskommentarar når K2 har herja rundt i regionen i 2022.
For jamlege oppdateringar på kampar, treningsoppmøte og slektsgransking i melandsfotballen, sjå den populære fansida til Kvernbit 2.
K2 har lukkast som eit lågterskeltilbod som har skapt ein sosial og inkluderande arena for vaksne fotballspelarar, og passar godt inn i med klubben sine verdiar og klubbens visjon «Aktivitet for alle». Gjennom engasjementet til Håvard, har klubben sidan 2017 hatt eit godt aktivitetstilbod til alle seniorspelarar på herresida – også dei som ikkje ønsker å satse på fotballen hos a-laget. I 2022 har det vore over 40 spelarar innom.
A-laget klar for 5. divisjon
Samstundes er det klart at a-laget held fram i 5. divisjon. Kvernbit hamna midt på tabellen med 23 poeng etter tjue kampar.
Kvernbit vil altså stille lag i både 5. og 6. divisjon i 2023.