[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Forsikring og skademelding

Forfatter: Atle Haugen

31. mai 2022

Forside
News article image

Kvernbit sine medlemmar har idrettsforsikring. Les her korleis du meldar skade.

Foto: NFF.

Alle spelarar, dommarar og trenarar som er medlem i Kvernbit, er forsikra gjennom NFF si fotballforsikring. Det er høve til å teikne utvida forsikring. Skade må meldast til Idrettens skadetelefon, 987 02033, eller via nett.

Les meir om Idrettens helsesenter.

Spelarar tolv år og yngre er forsikra gjennom NIFs barneidrettsforsikring. For spelarar frå 13 år og eldre gjeld eigne reglar for forsikring og lisens i dei ulike særforbunda.

Spesielt om fotball

Spelarar frå 13 år og eldre må vere registrerte i Fotballens informasjons- og kommunikasjonssystem (FIKS) for å vere omfatta av fotballforsikringsordninga. Det er derfor svært viktig at alle er registrerte der.

For å vere forsikra må du vidare vere medlem i Kvernbit. Det inneber at kontingenten må vere betalt. Vidare heiter det at "Alle spillere/sikrede plikter å følge NFFs retningslinjer inkludert å benytte leggskinn under trening og kamp".

Kvernbit må ofte stadfeste at spelaren er medlem i klubben. Denne stadfestinga kan ein få via Grethe Håkenstad, [email protected].

Merk at spelarar utan forsikring

  • er ikkje forsikra
  • har ikkje spelerett
  • har ikkje tilgang til skadetelefonen.

Meir informasjon om fotballforsikringa og skadeførebygging.