[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Vi søkjer eldsjelar til juletrekomiteen

Forfatter: Atle Haugen

17. oktober 2016

Forside
News article image

Har du lyst til å bidra til ei av dei mest inntektsbringande aktivitetane i Kvernbit?

Jula nærmar seg med stormskritt, og i det høvet søkjer vi no etter engasjerte eldsjelar med ein teft for sal og juletre, til spennande arbeid i juletrekomiteen!

Juletresalet står for årleg om lag 10 % av den totale omsetnaden i fotballgruppa i Kvernbit, og omsette i fjor for drygt 170 000 kroner.

Du vil få ei unik moglegheit til å forme morgondagens juletresal, både med tanke på marknadsføring og salsgjennomføring, og får vere med på ei utruleg reise frå trea hoggast i skogen til det står ferdig pynta i ein håpefull heim på julaftan. Vi er ute etter nokon med nye idear for korleis Kvernbit best kan møte den stadig tøffare konkurransen med store hagesenter og plasttre.

Vi tilbyr GARANTERT JULESTEMNING!

Er du interessert, eller kjenner nokon som kunne vore interessert, ikkje nøl med å ta kontakt med fotballstyret på [email protected] eller telefon 900 65 135!