Frivilligprisen til Audun
Forfatter: Atle Haugen
17. desember 2021
Padlenestor Audun Håland mottok frivilligprisen i Alver kommune.
Foto: Ina Caroline Marteng/Alver kommune.
Onsdag kunne Audun ta imot frivilligprisen for 2021 i Alver kommune. Prisen blei overrekt av ordføraren, som av koronaomsyn stilte opp på trappa heime hos prisvinnaren.
Audun leiar Kvernbit Kajakk.
Kvernbit gratulerer!
Alver kommune deler kvart år ut ein frivilligpris. Prisen skal gå til einskildperson, lag eller organisasjon som har gjort ein særskilt innsats innan kultur, idrett/friluftsliv eller frivilligheit over lang tid, til beste for innbyggjarane i Alver kommune.
Det er inga tvil om at Audun er ein verdig prisvinnar.
Håland seier til Avisa Nordhordland at han vart smigra av dei varme orda.
– Det er ein veldig, veldig god klapp på skuldra å få ein sånn pris. Ein stadfesting på at vi er inne på noko.
Prismottakarane fekk blomar, diplom og fotokunst signert fotograf Morten Sæle.
I grunngjevinga for frivilligprisen 2021 heiter det: