[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Kvernbit storma gjennom Mathopen – 10–0 på bortebane!

Forfatter: Vebjørn Bø Dalstø

23. september 2025

A-herrar
News article image

Kvernbit storma gjennom Mathopen – 10–0 på bortebane!

Fredag 19. september blei ein kveld for historiebøkene for Kvernbit. Eit lysproblem på Mathopen truga kampen, men etter ein kort biltur til Lyngbø sin bane var alt klart – dommar, lag og publikum kunne juble for grønt lys, og kampen starta klokka 20:00.

Frå første minutt var Kvernbit heilt tent. Mathopen sine raske spelarar fekk sjeldan sjansen til å puste.

Kvernbit stilte utan fleire sentrale spelarar som Tobias Verlo, Joachim Hopsdal, Kasper Hamn og Sondre Lædre, men det stoppa ikkje laget frå å dominere fullstendig.

Oliver Sudmann scora det fyrste målet etter ei perfekt corner frå Eirik Larsen – høgreiste midtstopparen var ustoppeleg i lufta. Litt før pause viste Andreas Larsen kvifor han er lagets motor: han sende Sjur Markhus Grindheim gjennom med ei utsøkt pasning, og Grindheim sette ballen roleg i mål. Kva spiste Sjuren til frukost denne dagen?

Rett etter pause fekk Sjur Markhus til eit av dei vakraste måla i år: frå langt utanfor sekstenmeteren lempa han ballen elegant i lengste kryss – keeperen kunne berre sjå ballen gå forbi.

Veteranen – eller kanskje «gubben» hos Kvernbit – hadde fullstendig kontroll på 4. divisjons toppscorar gjennom heile kampen. 

Då byrja måla verkeleg å pøse inn: innbyttar Noah Samuelsen scora heile fire mål på berre ti minutt, og Tobias Ytreland fekk sin debut etter å ha imponert på trening.

Eirik Larsen og Andreas Sandvik vann alt som var av duellar gjennom heile kampen, og gjorde livet vanskeleg for motstandarane. Ingen veit enno kor mange gjennombruddspasningar vingbackane Mads Takvam og Kristian Henriksen slo til spissane Ruben Sellevold og Sjur Markhus Grindheim denne kvelden. Andreas Larsen hadde også fleire målgivande pasningar og var konstant ein fare for Mathopen-forsvaret.

Keeper Gard Tolleshaug hadde lite å gjere denne kvelden, noko som seier mykje om kor dominerande Kvernbit var – forsvaret og midtbanen gjorde ein fantastisk jobb med å kontrollere heile kampen.

Heile laget spelte som ein eining, frå første til siste minutt, og viste kvifor Kvernbit no er eitt av dei mest form sterke laga i 4. divisjon. Med 10–0 siger på bortebane og 10 poeng på 5 kampar, har laget vist at dei ikkje berre kan score mål – dei kan dominere kamp etter kamp.

Vebjørn Bø Dalstø fekk gult denne kampen for Kvernbit

No ventar ein tøff bortekamp mot Nest-Sotra 26. september på Ågotnes.