[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Har du begynt i 1. klasse og vil spele fotball?

Forfatter: Atle Haugen

02. september 2021

Fotball
News article image

IL Kvernbit inviterer til første fotballtrening onsdag 8. september.

Foto: Ruben Soltvedt.

IL Kvernbit ønsker alle som har begynt i 1. klasse velkommen til fotballtrening hos oss.

Første trening går av stabelen onsdag 8. september kl. 17:00 i fotballhallen på Fossemyra.

Eit nyplukka støtteapparat står klar til å ta imot dei nye håpefulle.

Det er viktig å ha på leggskinn, fotballsko, eigna klede til å trene i og ei drikkeflaske.

Det er viktig å registrere alle nye spelarar alt på første trening, slik at barna er forsikra. Meld deg inn elektronisk her. Mot slutten av året vil vi sende ein faktura på medlemskontingent på kr. 100,- for 2021. Kontingenten er med på å dekke inn kostnader klubben har til mellom anna ballar, utstyr, anlegg, serie- og cup-påmelding.

Last ned klubbappen. Her får du tilgang til medlemskort og oversikt over treningar og kampar.

Aktiviteten i Kvernbit er dugnadsbasert. Ønsker du å bidra i støtteapparatet, ta kontakt allereie i dag på [email protected]! Vi treng trenarar, lagleiarar og foreldrekontaktar. Vi oppmodar både kvinner og menn frå Grasdal og Sagstad skulekrinsar til å melde seg.