[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Nye lettar i restriksjonane

Forfatter: Atle Haugen

23. februar 2021

Korona
Forside
News article image

Frå tysdag er det igjen opna for kampar.

Regjeringa har gitt nye lettar i restriksjonane for barn og unge i breiddeidretten.


Dette inneber at:

  • Barn og unge til og med 20 år i 2021, kan trene med kontakt ute og inne.
  • Det er opna opp for konkurransar (kamp, cup) for barn og ungdom som samlar deltakarar frå same kommune. Dette inneber at Kvernbit kan spele kampar mot andre lag i Alver kommune. Innandørs kan det vere inntil 50 personar på slike arrangement, utandørs er grensa 200. Desse tala inkluderer utøvarar, trenarar, dommarar og eventuelle tilskodarar som er til stade utan oppgåver for kampgjennomføringa. Dette er ei ny presisering.
  • Vaksne over 20 år anbefalast ikkje å drive organisert aktivitet innandørs. Utandørs kan vaksne over 20 år trene med avstand (minimum éin meter).


Alle kampar må -- i likskap med treningar -- arrangerast i tråd med koronavettreglane og koronahandboka for kampgjennomføring.


Følg sjekklista for kamp.


Vi oppmodar til å minst mogleg tilskodarar.


Alle kampar skal gjennomførast med kampvert og personar som er til stade skal registrere seg her. Lagleiar bør òg ha ei oversikt over eiga lag når vi reiser på bortekamp.


Alle kampar skal vere avtalt med dagleg leiar. Legg kampar helst til helg (for å unngå at vi overstig talgrensa).