Bli frivillig i Kvernbit – både på dame- og herrekampar
Forfatter: Kenneth Strand
18. januar 2026
Vil du vere med og skape gode kampopplevingar på Kvernbit sine heimekampar? Me i Kvernbit er på jakt etter så mange frivillige som mogleg som kan bidra på kampdag – både til dame- og herrekampar.
Alle foto: Espen Nilssen.
Kvernbit er ein klubb med sterke røter i lokalsamfunnet, og me er heilt avhengige av frivillige for å skape trygge, trivelege og profesjonelle arrangement. Til kvar kamp treng me 3–4 frivillige, og med ei rulleringsordning fordeler me vaktene slik at ingen treng å stille opp kvar gong.
Enkle, men viktige oppgåver
Som frivillig hjå Kvernbit får du vere med på alt frå praktiske førebuingar til å ta imot publikum. Nokre av oppgåvene du kan få, er:
• Kutte frukt og gjere klar spelarforsyning
• Sette ut flagg og klargjere banen
• Vere ballhentar (gjerne spelarar frå Kvernbit sine lag)
• Vere maskot (passar fint for barn og unge frå Kvernbit sine lag)
• Mobilt kiosksal – selje kaffi, brus og enkel servering til publikum
• Ønske publikum velkommen og vise dei til rett plass
• Svare på spørsmål og bidra til god stemning
• Hjelpe til med opprigging og rydding før og etter kamp
• Vere speaker eller musikkansvarleg – bidra til god stemning under kampane
Du møter opp 1 time før kampstart, og får enkel opplæring. Du treng ikkje ha erfaring – berre lyst til å bidra!
Passar for alle
Alle som har lyst til å bidra, er velkomne! Me har oppgåver som passar for både barn, ungdom og vaksne – og du treng ikkje binde deg til alle kampar.
Dette passar for deg som:
• Har eit hjarte for Kvernbit og lokalfotballen
• Ønskjer å bidra til gode arrangement
• Har 2–3 timar til overs på kampdag
• Likar å vere ein del av eit inkluderande fellesskap
Dette får du igjen
Å vere frivillig gir deg:
• Ein plass i Kvernbit-familien
• Sjansen til å vere tett på både dame- og herrelaga
• Erfaring med arrangement og gjennomføring
• Sosialt fellesskap og gode opplevingar
Vil du bli med?
Send ein e-post til: [email protected].
Skriv kort om deg sjølv og kva du kunne tenkje deg å bidra med.
Du kan gjerne vere med på damekampar, herrekampar – eller begge delar.
Jo fleire som melder seg, jo enklare blir det å lage ein god rulleringsplan – slik at det blir lett å kombinere med kvardagen.