Før kampen: Kvernbit - NBK
Forfatter: Atle Haugen
03. april 2025

Endeleg seriestart! Hundrevis er venta når a-laget tar imot NBK fredag kl. 19.00.
Foto: Atle Haugen.
Les deg opp om alt du treng å vite før vi serieopnar i lokaloppgjer mot NBK.
Etter eit historisk opprykk, skal Kvernbit endeleg bryne seg på fjerdedivisjonsmotstand. Fotballkretsen har gjort jobben sin, og legg opp til ein pangopning med lokalderbyet, Kvernbit-NBK.

Ifølge Strilen si oppteljing, blir det jamnt, men fordel Kvernbit. Foto: skjermdump Strilen.no.
Etter at Kvernbit avslutta fjorårssesongen med over 200 bortesupporterar, har NBK lova å toppe dette. Med to innleigde bussar, er det venta mellom 200 og 400 NBK-supporterar på Fossemyra. Kvernbit må for all del ikkje vere i undertal. Det er meldt sol og sydlege temperaturar. Dette blir gøy!
Parkering
Vi oppmodar alle om å sykle eller gå til Fossemyra denne dagen. Det er avgrensa parkeringsmoglegheiter på Fossemyra. Følg anvising frå parkeringsvaktene.
Publikum
Kampen blir spelt på den største banen (lengst frå Sagstad skule). Publikum stiller seg langs veggen til fotballhallen, eller på parkeringsplassen bak mål.
NBK og Kvernbit er alltid gode venner utanfor banen, og vi håpar på god sosialisering på tvers av klubbtilhøyrsle.
Vi oppmodar supporterar av begge klubbar til å stille i klubbtøy, drakt, skjerf og flagg.
Kampen på banen er viktig, men kampen utanfor banen er aller viktigast!

Over 200 publikummarar følgde den avgjerande opprykkskampen i haust. Foto: Kasper Valestrand/Avisa Nordhordland.
Kvernbits ivrigaste supporter vinn ein premie levert av Rema 1000 Frekhaug.
Ved inngang til publikumsområdet, vil du ta imot eit lodd. Vi vil ha loddtrekking på tilfeldig publikummar, med premiar sponsa av RB trafikkskole og Sport1 Knarvik.
Supportertog
Bli med Nordhordland folkehøgskule i tog opp til Fossemyra. Paraden startar kl. 18.15 frå Frekhaug senter.
Kiosk
Kiosken er open. Det er eige telt nede ved banen. Betaling på Vipps.
Toalett
Toalett i fotballhallen og i Meland Aktiv.
Vi lovar godt stemning, to motiverte klubbar og lag, og god pauseunderhaldning. Ta med ungar, foreldre, tanter og onklar, og få med deg årets høgdepunkt!
