Medlemsskap
Endringar for 15-årsklassane i 2017
Forfatter: Atle Haugen
13. oktober 2016
Forside
NFF Hordaland har vedteke at det skal opprettast ein ny 15-årsklasse - både for jenter og gutar - i 2017.
Endringa gjeld for 2017. 15-årsklassane er eit prøveprosjekt for 2017. Det vil verte avgjort på slutten av 2017-sesongen om årsklassane vert permanente.
Klassane vert delte inn i to divisjonar, 1. og 2. divisjon, og ein kan melde seg på på ønska nivå.
På jentesida gjekk ein frå 16- til 17-årsklasse føre denne sesongen. Det vert ikkje gjort på gutesida, der vi vil halde fram med 16-årsklassen.
Kampdag for 15-årslaga vil normalt vere tysdagar, medan G16 og J17 spelar torsdagar.