Tine Fotballskule i haustferie (veke 41)
Forfatter: Anne Berit Hopland Larsen
22. august 2024
Påmelding opnar fredag 23. august klokka 09:00.
IL Kvernbit vil i år arrangere TINE Fotballskule i haustferien, veke 41, frå måndag 7. oktober til torsdag 10. oktober. Fotballskulen er for gutar og jenter i 2.-7. klasse (f.2012-2017).
Fotballskulen kostar kr. 700. Vi tilbyr 50 % søskenmoderasjon.
Påmelding her.
Påmeldinga opnar fredag 23. august kl. 09:00. Påmeldingsfrist er 30. september kl. 12:00.
Vi oppmodar alle til å ete frukost før ankomst. Lunsj blir servert. Alle deltakarar får fotball, t-skjorte, drikkeflaske og sekk frå TINE. Sportsleg ansvar har Andreas Hopland Larsen.
Tidsplan:
10.00: Oppmøte alle dagar.
11.30: Lunsj (inkl. Litago sjokolademjølk frå TINE).
14.00: Avslutning med frukt.
Hugs drikkeflaske, leggskinn og klede etter vêret.
Inkluderingsfond
IL Kvernbit har oppretta eit fond som skal sikre at medlemmar med anstrengt økonomi får moglegheit til å vere med på aktivitetar i regi av idrettslaget. Medlemmane kan søke om støtte til påmeldingsavgift eller utstyr til bruk på fotballskulen. Du kan sende ein kortfatta søknad til [email protected]. Alle søknadar blir behandla konfidensielt.