Velkommen til serieturneringar på Fossemyra
Forfatter: Atle Haugen
06. september 2022
Kvernbit inviterer til 3v3- og 5v5-ligaen søndag.
Foto: Ruben Soltvedt.
Søndag 11. september har Kvernbit fått i oppdrag å arrangere turnering for J7 år og J/G9 år.
Seriespelet for 7-9 år organiserast som serieturneringar, der kvart lag spelar tre kampar kvar.
Det offisielle namnet for seriespelet i NFF Hordaland er 3v3- og 5v5-ligaen.
Det blir full rulle frå klokka 10 til 15 for dei tre ulike turneringane.
Sjuårsklassane speler trearfotball inne på kunstgras i fotballhallen. Niårsklassane speler femmarfotball utandørs på kunstgras.
Det vil vere open kiosk i Meland Aktiv. Betaling med vipps.
Ta godt vare på dei ferske klubbdommarane våre!
Kampoppsettet finn du i vedlegget til denne artikkelen. OBS! Det kan komme endringar. Kampoppsettet vil alltid vere oppdatert på desse sidene. Siste versjon publisert torsdag 08.09.22 kl. 12:45.