[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Velkommen til serieturneringar 8. mai

Forfatter: Atle Haugen

05. mai 2022

Fotball
News article image

Kvernbit inviterer 7- og 8-årslag i Nordhordland til 3v3- og 5v5-ligaen søndag.

Søndag 8. mai har Kvernbit fått i oppdrag å arrangere turnering for G7 år og J/G8 år.

Seriespelet for 7-9 år organiserast som serieturneringar, der kvart lag spelar tre kampar kvar.

Det offisielle namnet for seriespelet i NFF Hordaland er 3v3- og 5v5-ligaen.

Det blir full rulle frå klokka 10 til 16 for dei tre ulike turneringane.

Sjuårsklassane speler trearfotball inne på kunstgras i fotballhallen. Åtteårsklassane speler femmarfotball utandørs på kunstgras.

Det vil vere open kiosk i Meland Aktiv. Betaling med kort og vipps.

Ta godt vare på dei ferske klubbdommarane våre!

Kampoppsettet finn du i vedlegget til denne artikkelen. OBS! Det kan komme endringar. Kampoppsettet vil alltid vere oppdatert på desse sidene.

LES OM TREARFOTBALL (3V3)

LES OM FEMMARFOTBALL (5V5)

Banekart