Kvernbit kjempar for historisk opprykk
Forfatter: Atle Haugen
25. oktober 2024
Med siger eller uavgjort i kveldens bortekamp mot Viking er Kvernbit klar for 4. divisjon herrar.
Foto: Inge Instebø.
Kvernbit sitt a-lag herrar kan i kveld rykke opp til 4. divisjon. Sidan 1969 har Kvernbit sitt herrelag berre deltatt på høgare nivå enn nivå seks i divisjonssystemet (som den gong var lågast i divisjonssystemet) éin gong, i åra 1982-83. Nivået er likevel milevis unna dagens divisjonsinndeling. Den største bragda gamlekarane har å vise til, er då dei slo SK Brann 5-4 i Bergen Bank Cup i 1981 (med handikap på 5-0). Dagens unge mannskap er klare for å overgå denne prestasjonen i kveld.
I eigne hender
Kvernbit står med 45 poeng før årets siste seriekamp. Med minimum eitt poeng i kveldens kamp, rykker Kvernbit opp. For ei dryg veke sidan, slo Kvernbit nettopp kveldens motstandar 5-0 på Fossemyra.
Baune jaktar like bak, og med betre målforskjell vil dei gå forbi Kvernbit med siger, dersom Kvernbit ikkje tar poeng i kveld.
Kvernbit-supportarane stiller opp
Kvernbit-supporterane har mobilisert sterkt gjennom haustsesongen. Etter ein stad mellom 60 og 80 oppmøtte på bortekampen mot Baune for to veker sidan, har heimefansen mobilisert enormt på dei to etterfølgande heimekampane. I kveld skal det altså avgjerast på Stemmemyren, og fleire busslass med Kvernbit-supporterar er venta.
Ta med supporterskjerf og -flagg, og hei med røysta du har.
Vi ønsker a-laget lykke til!