Meir normal aktivitet for barn og unge
Forfatter: Atle Haugen
13. januar 2022
KORONA: Regjeringa lettar på tiltaka. Dette gjeld frå fredag.
Turneringar utandørs er no tillate. Foto: Ruben Soltvedt.
Publisert: 13. januar 2022.
OBS! DETTE ER EIN UTDATERT ARTIKKEL. GJELDANDE REGLAR F.O.M. 1. FEBRUAR KAN DU LESE OM I EI EIGA NYHEITSARTIKKEL.
Regjeringa varsla lettar i koronatiltaka på ei pressekonferanse torsdag kveld.
Dette gjeld frå fredag 14. januar 2022:
Fritidsaktivitetar bør gjennomførast utandørs så langt råd er.
Barn og unge under 20 år:
- Utandørs: Normal aktivitet for trening, kamp og turnering. Ingen avstandskrav.
- Innandørs: Normal aktivitet for trening og enkeltkampar, men faste grupper på om lag 20 personar eller etter klasse/kohort. Turneringar skal ikkje gjennomførast innandørs.
– Utendørs er det ingen avstandsbegrensninger, og man kan nå gjennomføre for eksempel cuper, turneringer, skirenn, konserter og forestillinger som samler barn og unge fra ulike steder, uttalar kulturminister Anette Trettebergstuen i regjeringas pressemelding.
Vaksne frå 20 år:
- Utandørs: Normal aktivitet for trening, kamp og turnering. Ingen avstandskrav.
- Innandørs: Trening med minimum éin meters avstand, og to meter ved intensiv trening. Inntil 20 personar i kvar gruppe.