Full rulle på Trond Mohn sommarakademi
Forfatter: Atle Haugen
27. juni 2024
Nær 200 barn sparkar sommarferien i gang.
Foto: Trond Egil Soltvedt.
Denne veka arrangerer Kvernbit - i samarbeid med Arna-Bjørnar og elleve andre klubbar i Hordaland - Trond Mohn sommarakademi, på Fossemyra.
200 barn i alderen 7-12 år har kunna nyte sola og sommarvarmen på fotballskulen. Det er ideelle forhold for fotballglede og meistring. Heita gjer at fotballen som blir spelt på Fossemyra desse dagane liknar VM-fotball på Maracanã.
Andreas Hopland Larsen har det sportslege ansvaret for sommarakademiet på Fossemyra. Han har med seg kyndig hjelp med eit tjuetals ivrige ungdommar som instruktørar.
Eit så stort arrangement treng gode hjelparar. Jan Sæbø organiserer lunsj med grovt brød og pålegg, i tillegg til at alle deltakarane får frukt før dei går heim. Ardian bidreg også stort. I tillegg er Trond Egil Soltvedt og Anne Berit Hopland Larsen til stade.
Trond Mohn sommarakademi starta opp i regi av Arna-Bjørnar i 2020. Trond Mohn sjølv subsidierer påmeldingsavgifta for deltakarane, slik at alle skal ha moglegheit til å delta. Fotballskulen, som går over fire dagar, inkludert t-skjorte, kvalifiserte instruktørar og lunsj kvar dag, kostar berre kr 300 per barn.
Vi retter ein stor takk til Trond Mohn, som gir barn og ungdom moglegheit til å oppleve eit fotballfellesskap der alle kan vere med. Dette har ein verdi som strekker seg langt utover fotballbanens grenser. Tusen takk!
Takk også til Arna-Bjørnar, som administrerer akademiet.