[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Fotballens koronavettreglar

Forfatter: Atle Haugen

11. april 2020

Fotball
Korona
News article image

Les siste oppdatering om fotballaktivitet under koronautbrotet.

Oppdatert: 10.04.2020


Hei,


Vi har gått påska i møte i ein heilt spesiell situasjon. Med skular og barnehagar stengde, og elles store konsekvensar for enkeltpersonar og samfunnet som følge av pandemien, er fotballen underordna. Men som det ofte blir sagt, fotballen er det mest viktige av det minst viktige.


Styresmaktene har no opna opp for at ein kan gjennomføre idrettsaktivitetar når helsedirektoratets anbefalingar om avstand og grupper blir følgt. Det betyr at ikkje fleire enn fem personar (fire pluss ein vaksen) kan samlast i ei gruppe og at alle skal halde minimum to meters avstand mellom kvarandre og mellom grupper. Det skal vere ein vaksenperson til stade per gruppe ved all fotballbaneaktivitet for barn og unge. Det er ikkje tillate med aktivitetar der spelarane kjemper om ballen eller på annan måte er i fysisk nærkontakt med kvarandre.


Kvernbit opnar ikkje for fotballaktivitet i klubbregi på dette tidspunktet, men kunstgrasbanene kan nyttast til eigeninitiert trening så lenge ein held seg til ein kvar tid gjeldande retningsliner frå styresmaktene. Her må foreldre og føresette tar ansvar for å oppdatere seg på desse, og at retningslinene blir følgt. Erfaringane frå den siste veka har vore veldig positive, eksemplariske, og viser at alle tar dette på høgste alvor. Det er viktig.


Noregs fotballforbund har saman med helsestyresmaktene utarbeidd fotballens koronavettreglar. Dei er vedlagt her. Alle bør lese desse.


Vis omsyn til kvarandre, og respekter avstanden, for slik å hindre smitte. Sprei dykk, bruk hjørnene. Om det er for mange på anlegget, kom tilbake seinare.


Vi må unngå at fotballbanane våre blir ein smittekjelde. Følger vi retningslinene frå styresmaktene, kan vi klare det. Lat dette vere vårt bidrag til den verdsomspennande dugnaden som går føre seg i desse dagar.


Meland Aktiv og fotballhallen er stengt inntil vidare.


Regjeringa har elles lagt ned forbod mot fotballarrangement førebels fram til 15. juni. Det betyr dessverre at det enno er lenge til fotballsesongen tar til.


Eg ønsker alle ein fortsatt god påske og ta godt vare på kvarandre!



Venleg helsing

Atle Haugen

Leiar, Kvernbit Fotball

I.L. Kvernbit Fotball

Org.nr.: 983 633 765

Fosseskarvegen 4

5918 FREKHAUG

[email protected]

www.kvernbit.no

Custom image