Årets fair play-klubb
Forfatter: Atle Haugen
10. desember 2021
IL Kvernbit er kåra til årets fair play-klubb i 2021.
Foto: Ida Hartveit.
– Dette er langt større enn seriegull og cupgull! braut ein glad, og litt rørt, dagleg leiar, Trond Egil Soltvedt, ut då han fekk bodskapen, og understrekar med det kor høgt klubben set denne utmerkinga.
NFF Hordaland står bak kåringa.
Utmerkinga er ei stor anerkjenning av arbeidet vårt i Kvernbit gjennom mange år. Det viser at Kvernbit er ein breiddeklubb som tar samfunnsansvaret sitt på alvor. Det viser òg, som det går fram av grunngjevinga, at det er viktig med arbeidet klubben har lagt ned i samband med kvalitetsklubb og at vi har stor deltaking på diverse kurs og møteplassar. Utmerkinga kjem også etter ei krevjande periode, der heile klubben har tatt eit stort samfunnsansvar i samband med koronapandemien.
Kvernbit har blitt tildelt denne utmerkinga i sterk konkurranse med mange andre klubbar som òg set fair play høgt på dagsordenen.
EIN STOR GRATULASJON OG TAKK GÅR TIL ALLE FRIVILLIGE SOM STÅR PÅ KVAR EINASTE DAG FOR Å GI BARN OG UNGE EI GOD OG TRYGG OPPVEKST, MED GLEDE, TRIVSEL OG MEISTRING, I KVERNBIT!
I grunngjevinga frå NFF Hordaland heiter det:
"Vi vurderte dere som fortjent vinner på bakgrunn av at dere har tilfredsstilt og vil motta synlig bevis for Årets Fair play klubbsertifikat, dere er NFF Kvalitetsklubb, dere har et godt oppmøte på våre møteplasser og det fremstår som dere har et godt og samlet fokus knyttet til Fair play.
Særlig fremstår det for oss at dere har et godt samspill i styret med fokus på tydelige verdier og Fair play-forventning."
Klubben vil få det synlege beviset under NFF Hordalands klubbkonferanse i 2022, og mottar kr 10.000.
'Fair play' er eit samleomgrep for fotballen sitt samfunns- og verdiarbeid. Dette handlar mellom anna om korleis Kvernbit tar imot gjestande lag og dommarar, og korleis vi opptrer under kamp. I tillegg handlar fair play om å bygge gode haldningar til utøvarar, trenarar og føresette, og om å redusere økonomiske og sosiale barrierar for slik å inkludere alle som ønsker å drive med fotball. Kvernbit oppretta i 2019 eit eiga inkluderingsfond, som gir støtte til å dekke utgifter knytt til medlemsskap og aktivitetar. Over fleire år har Kvernbit hatt eit samarbeid med politi og Trygg Trafikk, med ulike føredrag og refleksaksjon, og saman med Frekhaug frivilligsentral har vi gjennomført strandrydding og fotballaktivitetstilbod i skuleferiar.
Les meir om fair play-arbeidet i Kvernbit.
Dette forpliktar og gir forhåpentleg ny giv til å halde fram dette viktige arbeidet.
***
Les fotballforbundet si omtale av fair play-kåringa.
Følgande kriterium blir lagt til grunn for kåringa:
Organisatorisk:
• Klubben har eit verdisett som er tilgjengeleg for alle i klubben
• Klubben har Fair play som tema på spelar-, trenar- og foreldremøte
• Klubben har ein eller fleire personar med rolla Fair play-ansvarleg, i tillegg til ei definert rolleskildring
Anlegg:
• Fair play er synleg på klubbens anlegg/klubbhus med flagg, banner, plakatar m.m.
Kurs og kampramme:
• Klubbens trenarar og spelarar (ungdomsfotballen) har gjennomført NFFs digitale Fair play-kurs
• Klubben har kampvert(ar) på alle kampar i barne- og ungdomsfotballen
Utover ovannemnde kriterium takast andre Fair play-tiltak og initiativ klubben gjer, med i kretsens vurdering.