David på ungdomslandslaget
Forfatter: Atle Haugen
11. februar 2023
Kvernbit gratulerer!
MED FLAGGET PÅ BRYSTET: David Stenberg i aksjon under NM for regionlag 2023. Foto: Nigel Boyce/Norges volleyballforbund.
Stortalentet David Stenberg (15) er nok ein gong tatt ut til samling på ungdomslandslaget i volleyball. Det skjer etter gode prestasjonar den siste tida. Alt i fjor haust var David klar til å ikle seg dei norske fargane i den nordiske meisterskapen (NEVZA), som blei arrangert i danske Ikast. Han var med det éin av tolv spelarar som blei tatt ut til troppen. David måtte dessverre melde avbod den gongen. No får han likevel ein ny sjanse til å spele med flagget på brystet.
Kvernbit gratulerer!
Leiar i Kvernbit Volleyball, Vibeke Molvik, som òg trenar dei aldersbestemte laga i Kvernbit, har store lovord å melde om eleven sin:
– Vi er kjempestolte! David har hatt ei unik interesse og vore enormt dedikert i å bli betre, gjennom mykje trening, eigentrening og deltaking på samlingar. I tillegg har han hatt stor glede av å introdusere nye menneske for sporten og dele si eiga volleyballglede, seier den alltid sprudlande og energiske trenaren, som gjerne tar imot nye medlemmar.