[email protected]


Logo
Bli medlem
Fotball
Hero image

Velkommen til Kvernbit cup!

Vi ønsker alle tilbake til Frekhaug og Fossemyra idrettspark til Kvernbit cup i 2026! Kampane spelast på Fossemyra. Vi ønsker igjen å vere med på å gi dei yngste laga ein hyggeleg start på haustsesongen. Set av denne helga, og bli med på eit flott arrangement på Fossemyra idrettspark! Foto: Ruben Soltvedt.

Vi ønsker alle tilbake til Frekhaug og Fossemyra idrettspark til Kvernbit cup i 2026!

IL Kvernbit inviterer til Kvernbit Cup 21.-23. august 2026!

Påmelding

Påmeldingsfrist: 1. august 2026.

Vi ønsker igjen å vere med på å gi dei yngste laga ei hyggeleg start på haustsesongen.

Custom image

Kampane spelast på kunstgrasbanane og i fotballhallen på Fossemyra. Foto: Ruben Soltvedt.

Alle lag spelar alle kampane sine, og har premieutdeling, på same idrettsanlegg i løpet av ein periode på maksimalt fem timar. Spelarar kan berre delta på eitt lag i same klasse. Har laget mange spelarar oppmodar vi heller til å melde på fleire lag. Tilrådd tal på spelarar i troppen er fem spelarar på trearfotball, sju på femmarfotball, ni på sjuarfotball og tolv på niarfotball.

Klassar

Klassefødt etterSpelformSpeletidSpeledag
J701.01.20193v31x24 minLørdag og søndag
G701.01.20193v31x24 minLørdag og søndag
J801.01.20185v51x24 minSøndag
G801.01.20185v51x24 minSøndag
J901.01.20175v51x24 minLørdag
G901.01.20175v51x24 minLørdag
J1001.01.20167v71x24 minSøndag
G1001.01.20167v71x24 minSøndag
J1101.01.20157v71x24 minLørdag
G1101.01.20157v71x24 minLørdag
J1201.01.20149v92x18 minFredag
G1201.01.20149v92x18 minFredag

Turneringsplan:

  • Fredag 21.08: J12 og G12.
  • Lørdag 22.08: J7 og G7, J9 og G9, J11 og G11.
  • Søndag 23.08: J7 og G7, J8, G8, J10, G10.
Custom image

Maskoten Kverni er glad i ein high five eller ti. Kanskje kjem han til Fossemyra i august? Foto: Espen Nilssen.

Custom image

Bli med på mykje gøy og moro!

Custom image

Premiering

Custom image

ALLE ER VINNARAR:

Alle spelarane mottar medalje etter kampane er gjennomført.

Turneringsreglement

Turneringa følger kampregelmentet til NFF og spelereglane for barnefotball.

Fair play

IL Kvernbit er ein sertifisert Fair play-klubb. Turneringa blir gjennomført etter prinsippa som gjeld for fair play i norsk fotball.

Vi vil ha kampvertar til stade under heile turneringa.

Nordhordland Røde Kors står for førstehjelp gjennom heile turneringa.

Fair play-ansvarleg er Daniel Eliassen Tveit.

Custom image

Kontakt

Ta kontakt med Kvernbit på [email protected].

Custom image

Kvernbit er ein Kvalitetsklubb.

Siste nytt
News post image

Forfatter: Atle Haugen

21. august 2025

Fotball
Kvernbit Cup