Dommar
Dommarkurs
Kunne du tenke deg å bli dommar? Ta dommarkurs! Kvernbit dekker alltid kursavgifta. Foto: Henrik Hauken/Strilen.
Bli dommar!
Dommarkurs
Klubbdommarkurs
Like før Kvernbit cup det året du fyller 13 år, tilbyr vi klubbdommarkurs til alle spelarane våre. Då er du klar til å dømme dei første kampane dine under Kvernbit cup! Med dette kurset kan du dømme 3-ar, 5-ar og 7-ar. Foto: Ole Jacob Riise Strønen/Avisa Nordhordland.
Dommarkurs
Påbyggingskurs - niarfotball
Når du har dømt trear-, femmar- og sjuarfotball ein liten stund, kan du ta eit påbyggingskurs for å dømme 9-arfotball. Kvernbit tilbyr dette årleg på Fossemyra. Foto: NFF Hordaland.
Dommar
Rekrutteringsdommarkurs
Frå og med det året du fyller femten år, kan du ta rekrutteringsdommarkurs. Dette inneber at du får tildelt ellevarkampar frå NFF Hordaland. Foto: Hordalandsfotball.
Vi tilbyr
- Kampar på tilpassa nivå
- Rettleiarar/fadderar
- Tilbod om tiltak i løpet av sesongen
- Eigen oppfølgingsansvarleg for jenter
- Dommarsamlingar/fagleg påfyll gjennom sesongen
- Eit spennande miljø
- Nye vennskap
- Spennande utfordringar
Krav
- Du må fylle minimum 15 år i løpet av året
- Godkjent teoriprøve etter kurset
Oversikt kurs
Dommarkurs
Assistentdommarkurs
Siste kurs som er mogleg å ta er assistentdommarkurset. Då vil du kunne ta oppdrag som assistentdommar.