[email protected]


Logo
Bli medlem
Fotball
Hero image

Fotballgruppa

Bli frivillig!

Aktiviteten i Kvernbit er dugnadsbasert. Det leggast ned rundt rekna 25 årsverk i frivillig innsats for IL Kvernbit kvart år. Bli med på laget! Les om dei ulike verva i IL Kvernbit. Foto: Espen Nilssen.

Hero image

Bli frivillig

Trenar

Trenaren har ansvaret for det sportslege tilbodet rundt laget. Vi treng både hovudtrenarar og dei som kan hjelpe litt til innimellom. Vi oppmodar både kvinner og menn, spesielt kvinner, frå Grasdal og Sagstad skulekrinsar til å melde seg som trenar. Kvernbit ønsker å bygge opp eit sterkt miljø for kvinnelege trenarar. Foto: Ruben Soltvedt.

For å bli trenar i Kvernbit treng du ingen forkunnskapar. Du vil få god kursing og rettleiing, og mykje god kvalitetstid.

Som trenar i Kvernbit får du:

  • rettleiing og tett oppfølging frå erfarne trenarrettleiarar
  • ta del i eit godt og robust trenarapparat
  • tilbod om trenarkurs i takt med utviklinga til spelarane
  • eigne trenarforum for kvinner

Som ein del av fotballfamilien blir du i tillegg ein del av eit sterkt fellesskap. Du utvidar det sosiale nettverket ditt og får ny kompetanse og kunnskap. Bli med på laget, du òg!

Hero image

Bli frivillig

Lagleiar og foreldrekontakt

Lagleiar er den personen som står nærast trenaren på eit lag. Lagleiaren har ei svært viktig rolle i å støtte trenar, i tillegg til å legge til rette for at aktivitetane skjer i trygge og strukturerte rammer. Lagleiaren har kontroll på terminlista, kampflytting, dommar, drakter og kamprapporten. Likar du orden og system, er dette jobben for deg! Foreldrekontakten er bindeleddet mellom foreldregruppa og trenargruppa og klubben. Foreldrekontakten arrangerer foreldremøte, sosiale samankomstar i laget og organiserer dugnad for laget. Foto: Espen Nilssen.

Hero image

Bli frivillig

Kampvert

For å bidra til eit godt og trygt kamparrangement, skal det vere minimum éin kampvert på alle kampar. Dersom kampen har fleire kampvertar, kan desse ha ulike fokusområde. Kampverten har på gul kampvertvest og er synleg for alle i og rundt kampen. Foto: Oddbjørn Rossnes/Avisa Nordhordland.

Kampverten skal:

Før kampen:

  • møte opp i god tid og ønske begge lag, dommar(ar) og tilskodarar velkommen.
  • delta på fair play-møtet i lag med dommar(ar) og begge lags trenarar.
  • sikre at tilskodarar er plassert på motsett side av innbyttarbenkane.
  • ha kjennskap til plassering av hjartestartar og ha telefon til å ringe 113.

 

Under kampen:

  • som hovudregel opphalde seg rundt benkane.
  • oppsøke dommar(ar) på banen ved avblåsing til pause og følge dommaren til garderoben.
  • vere tilgjengeleg for dommar undervegs i kampen og i pausen.
  • oppmode til positivitet mellom alle aktørar og handtere eventuelle uønska hendingar.

 

Etter kampen:

  • møte dommar(ar) på banen etter kampslutt og følge dei til garderoben
  • takke begge lag og dommar for kampen.
  • melde ifrå til fair play-ansvarleg i klubben dersom det oppstod uønska hendingar.

Les meir om kampvertrolla
Hero image

Bli frivillig

Kvernbit cup

Kvernbit arrangerer barnefotballturnering kvart år etter skulestart. Over 300 frivillige skal i aksjon til oppgåver som kioskvakt, parkeringsvakt, kampvert og anna. Men før dette trengst det engasjerte menneske til å planlegge heile turneringa. Bli med og skap aktivitet for 1500 barn kvart år. Sekretariatsoppgåver, planlegging av innkjøp, kampoppsett, sponsorkontakt og andre aktivitetar. Foto: Espen Nilssen.

Hero image

Bli frivillig

A-kampar og arrangement

Vil du vere med og skape gode kampopplevingar på Kvernbit sine heimekampar? Me i Kvernbit er på jakt etter så mange frivillige som mogleg som kan bidra på kampdag – både til dame- og herrekampar. Foto: Ruben Soltvedt.

Kvernbit er ein klubb med sterke røter i lokalsamfunnet, og me er heilt avhengige av frivillige for å skape trygge, trivelege og profesjonelle arrangement. Til kvar kamp treng me 3–4 frivillige, og med ei rulleringsordning fordeler me vaktene slik at ingen treng å stille opp kvar gong.

Enkle, men viktige oppgåver

Som frivillig hjå Kvernbit får du vere med på alt frå praktiske førebuingar til å ta imot publikum. Nokre av oppgåvene du kan få, er:

• Kutte frukt og gjere klar spelarforsyning

• Sette ut flagg og klargjere banen

• Vere ballhentar (gjerne spelarar frå Kvernbit sine lag)

• Vere maskot (passar fint for barn og unge frå Kvernbit sine lag)

• Mobilt kiosksal – selje kaffi, brus og enkel servering til publikum

• Ønske publikum velkommen og vise dei til rett plass

• Svare på spørsmål og bidra til god stemning

• Hjelpe til med opprigging og rydding før og etter kamp

• Vere speaker eller musikkansvarleg – bidra til god stemning under kampane

Du møter opp 1 time før kampstart, og får enkel opplæring. Du treng ikkje ha erfaring – berre lyst til å bidra!

Passar for alle

Alle som har lyst til å bidra, er velkomne! Me har oppgåver som passar for både barn, ungdom og vaksne – og du treng ikkje binde deg til alle kampar.

Dette passar for deg som:

• Har eit hjarte for Kvernbit og lokalfotballen

• Ønskjer å bidra til gode arrangement

• Har 2–3 timar til overs på kampdag

• Likar å vere ein del av eit inkluderande fellesskap

Dette får du igjen

Å vere frivillig gir deg:

• Ein plass i Kvernbit-familien

• Sjansen til å vere tett på både dame- og herrelaga

• Erfaring med arrangement og gjennomføring

• Sosialt fellesskap og gode opplevingar

Vil du bli med?

Send ein e-post til: [email protected].

Skriv kort om deg sjølv og kva du kunne tenkje deg å bidra med.

Du kan gjerne vere med på damekampar, herrekampar – eller begge delar.

Jo fleire som melder seg, jo enklare blir det å lage ein god rulleringsplan – slik at det blir lett å kombinere med kvardagen.

Takk for at du vil bidra – saman skaper me gode opplevingar på Fossemyra!